top of page

HIKING

​

Fløtarvegen 2,4 km tur/retur

Historisk sti langs Hyllandsfossen som går direkte frå campingen. Mange minnesmerke etter fløtinga, kornmøllene, stampa, spinneriet og kraftverket. Fine kulpar å bade i.

See www.visitvinje.no for more information

 

Hyljås 1,5 km

Fin tursti som går direkte frå Hyllandsfoss og til flott utkikkspunkt over Hylen og til Vehuskjerringa.

 

Vehuskjerringa 1356 moh, 16 km tur/retur frå Mjåvasskaret mellom Åmot og Øyfjell

Fin dagstur med lett stigning og bare dei siste 500 meterane som er bratte.

More information

​

Falkeriset på Rauland 3 km tur/retur

Familievenleg tur på steintrapp i vakker høgfjellsnatur med panoramautsikt mot Hardangervidda, Gaustatoppen og Møsstrond.

More information

 

Lårdalstigen 14 km

Ein fantastisk tur frå Dalen til Lårdal med spektakulære utsiktspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen.

More information

 

Steintrappa til Rui 2 km tur/retur

Gå i Rui-jentenes fotspor frå Dalen. Turen er spekka med kultur og historie.

Sherpatrapp med 810 trappetrinn opp til den vakre Rui-plassen.

More information

 

Gaustatoppen 1882 moh 9,2 km tur/retur

Fjellet ragar majestetisk over Rjukan, og er av mange omtalt som Noregs vakraste fjell.

More information

 

Sabotørstien 8 km

Delar av vegen dei verdensberømte norske motstandsfolka gjekk under 2.verdenskrig natta dei skulle sprenge tungtvatnsfabrikken.

More information

KULTUR OG MUSEUM

​

Vinjesenteret

Eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalisten og diktarane Aasmund Olavson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

More information

 

Galleriet i Smørklepp, Sørensen og Kihle

Særprega galleri i naturstein midt i «målarlandskapet», med ei stor samling av måleria til Henrik Sørensen. Harald Kihle har óg fått ein plass i galleriet. Sørensen og Kihle arbeidde og budde mykje i lag i Smørklepp.

More information

 

Dyre Vaa-samlingane i Rauland

Samlingane presenterar eit mangfald av skulpturar, måleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.

More information

 

Skinnarlandsamlinga i Rauland

Meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland i form av skulpturar, teikningar og grafikk.

I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.

More information

 

Vest Telemark Museum og Eidsborg stavkyrkje frå 1200-talet

Fleire museum, med hovudplass i Eidsborg. Moderne museumsbygg med museumsbutikk og kafé, og tun med over 30 hus. Stålekleivloftet, eit av verdas eldste trebygg frå 1167 ligg her.

Vest -Telemark er ei skattekiste av historie, kunst og kulturarv-som du kan oppleve på musea.

More information

 

Øyfjell Museum

Ei rik samling med reidskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi i ein veldig spesiell bygning i kila granitt.

More information

 

Telemarkskanalen

Den eventyrlege vassvegen frå kyst til fjell med imponerande sluseanlegg.

More information

 

Dalen hotell

Eventyrhotellet frå 1894.

More information

 

Soria Moria

Eit kunstverk av ei badstoge.

More information

​

Åmdalsverk gruver

Guida gruvevandring og historiske tablå med dokker, lyd og ljos.  Geologi- og fotoutstilling.

More information 

SPORT OG FRILUFTSLIV

​

Langrennsløyper

Du kan gå rett ut i skiløyper frå Hyllandsfoss. Du finn også fine løyper i Åmot sentrum, Våmartveit, Kostveit og på Hyllandsheia. Bruk appen skisporet.no for løypekart.

More information

 

Rauland Skisenter 

​

Haukeli Skisenter 

 

Hundekøyring på Haukeli

 

Gygra Sykling, guida turar og skredkurs 

BADEPLASSAR

​

Ormetjønn i sentrum

Familivenleg badeplass i sentrum. Veg ned frå Bratlandsbygget.

 

Kulpar i Hyllandsfossen

 

Sandnes, Vinjevatn

bottom of page