top of page

Spegle

Raulandsvegen 204

3890 Vinje

+47 46 67 67 21 (Kari)

+47 91 85 83 79 (Kjetil)

  • Facebook
  • Instagram

Velkomen til Spegle Hyllandsfoss, i hjarta av Telemark.

Med mål om gode opplevingar tett på naturen, starta søskenparet Kjetil og Kari Spegle-eventyret i 2022.

 

Den fyrste Speglehytta med hotellstandard står ved Hyllandsfoss i fjellkommunen Vinje. Hytta har tre glasveggar som speglar naturen rundt, og gjev deg ei kjensle av å vera ute inne.

Med Hyllandshylen og Hyllandsfossen som næraste naboar ligg plassen idyllisk og fredeleg til. Fossen er til vanleg regulera, men når vatnet blir slept frå Totak og nedover vassdraget er det eit spektakulært syn.

Plassen er eit ypparleg utgangspunkt for alle opplevingar innan friluftsliv, kultur, lokalmat og sportsaktivitetar i området. Eller kanskje du bare vil oppleve ro og kvilepuls i furuskogen ved Hyllandsfoss. Du kan også bruke badstoga Fløtarhuset, som ligg på ein gamal mur ute i vatnet like ved Speglehytta.

 

Det er fine turstiar nær plassen, og du kan fiske gratis med stong i Hylen. På vinteren er det oppkøyrde skiløyper i skogen rett bak hyttene. 

Det er 1,5 km til handelssentrumet Åmot, frå plassen.

 

Fleire spanande eventyr i Telemark ventar for Spegle – så følg med!

bottom of page